Search

God arbeidsplassarkitektur skal bli merkevare

Eit nytt forskingsprosjekt ved HiB skal sørge for at kontorbygg som fremjar produktive og helsefremjande arbeidsplassar får eit eige kvalitetsmerke.


Har du kjent på kroppen korleis dei fysiske omgjevnadane på arbeidsplassen påvirkar produktivitet, helse og arbeidsmiljø? Svaret for dei fleste er nok ja. Likevel er det gjort lite forsking i Norge på kva som kjenneteiknar gode og dårlege kontorbygg. Forskingsprosjektet som vert leia av professor Frode Thuen ved Høgskolen i Bergen skal bøte på dette.


-  Dette er eit innovasjonsprosjekt som tek sikte på å utvikle eit nytt system for å kartlegge og vurdere bygg, fortel Thuen. 


Skal gjere målingar i bedrifter

Kvalitetsmerket har fått den førebelse arbeidstittelen SMAP: Smart – Atrraktiv – Produktiv. Bygg som innfrir eit sett med vurderingskriterium vil i framtida kunne bli sertifisert med dette merket.


Til grunn for merkeordninga skal det ligge forsking som dokumenterer kva slags arbeidsplassarkitektur som fremjar verdiskapande, produktive og helsefremjande verksemder. 


- I dette arbeidet vil gjere forskjellige typar undersøkingar. Ein del vil handle om å gå systematisk gjennom forskinga som finnest på området. Dessutan vil vi gå ut i ulike bedrifter og gjere målingar på til dømes inneklima, lys, støyforhold og liknande, fortel Thuen. 


Intervju og spørreskjema blir også ein del av kartlegginga. Undersøkingane skal mellom anna seie noko om effektar av arkitektur på helse, produktivitet og innovasjon. 


Meir kunnskap - betre arkiktektur


- Kva håpar de ei slik merkeordning vil ha å seie for framtidige bygg?


- Vi håpar og trur det vil føre til at utbyggarar og bedrifter kan ta meir informerte val i samband med nybygg og ombyggingar, med utgangspunkt i kva som er mest trivsels- og produktivitetsfremjande for dei som skal jobbe i bygget, seier Thuen. 


Med på laget er bedrifter som Caverion, Kinnarps, Link Arkiktektur, Norwegian Property, Multiconsult og Mellomrom Arkitekturpsykologi AS. 


- Dette er eit tverrfagleg prosjekt mellom byggfag og psykologi, og mellom forsking og praksis. Verksemdene har mykje erfaringsbasert kunnskap, men i mindre grad forskingsbasert kunnskap. Dei jobbar med dette til dagleg og ønskjer å bidra til å dokumentere kva som fungerer for å utvikle ei merkeordning, legg Thuen til. 


Prosjektet er tildelt ca. 28 millionar kroner, halvparten kjem frå Norges Forskningsråd. Mellomrom Arkitekturpsykologi står som prosjekteigar medan forskinga er forankra ved Høgskolen i Bergen. 


Mellomrom Arkitekturpsykologi AS er initiativtaker og prosjekteier av SMAP. 


Artikkelen er skrevet av Ingrid Hope og publisert her: http://www.hib.no/forside-nyheter/smap/


Kontakt oss for mer informasjon.

Mellomrom Arkitekturpsykologi AS
post@mellomrom.no
+47 980 37 070

Fjøsangerveien 33A

5054 Bergen

Norge